fredag 8. mai 2009

Hyrden


Ei støvsky nærmar seg framfor oss.
Kva er årsaka?
Der viser seg å vere ein stor saueflokk.
Fremst går hunden. Så kjem gjetaren. Og til sist nok ein hund.
Så stilt. Ikkje ein lyd korkje frå hundar eller sauer.
Berre suset av alle saueføtene som virvlar opp støvet.
Vi vik ut på vegkanten medan flokken går forbi.


Og Jesus sa: "Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg.
Eg kallar sauene mine på namn og leier dei ut. Og når eg har fått dei ut, går eg føre dei, og sauene fylgjer meg, for dei kjenner målet mitt."

Svart madonna

Montcuq er ein lien by på vegen. Vi var innom turistkontoret for å orientere oss om togtidene for den komande togreisa attende til Paris, men dei kunne ikkje gi så mykje hjelp. Men vi tok ein tur opp bakkane til kyrkja, og ein kaffi i ein kafe på torget.

Her kom fleire medvandrar også. Ein frå Nice var kunstinteressert. Han har vore ein døropnar til fleire interessante kyrkjer under vandringa. No tipsa han om ei lita kyrkje nokre kilometer frå Moncuq. I koret på den, som er den eldste kyrkjedelen, har dei teke fram nokre gamle takmåleri frå tidleg mellomalder.


Det viser seg at ho ligg i ein liten landby, litt frå vegen, men det er nokre bratte bakkar opp dit.


Vel oppe og inne i kyrkja, får vi sjå takmåleria, eller restane av dei. På ei oppslagstavle vert det forklart kva vi ser.
Men det som fangar mi interesse ein skulptur i eit hjørne ved koret. Det er ei svart madonna med barnet på fang.


Eg møtte to av dei i 2007. Ei i Le Puy-en-Valey og ei i Montserrat ved Barcelona.
Der er nokre av dei, spreidde rundt om i Europa. Men det var overraskande å stå framfor ei i ei lita landbykyrkje i sør-vest Frankrike.
Kven er modellen? Er det den solbrende kvinna i Høgsongen, eller er det Afrika sine kvinner som er inspirasjonskjelda?

La Boissiére, 17.september 2008


Så flott kan ein ha det når det er tid for matrast, langs Jakobsvegen.
Sjølv når det er haust med turt gras alle vegne.



Vi har møtt mange kors langs pilegrimsvegen.
Alle med sitt særpreg.
Desse to vandringa denne dagen syner noko av spranget dei kan ha i storleik.

Det er fullt i alle herberge.
Vår hyggelege, engelsktalande vert i Cahors var berre velvilje når han prøvde å hjelpe oss med å finne husrom neste kveld. Det lukkast til slutt på ein bondegard eit stykke til sides for pilegrimsvegen.
Vertinna skal plukke oss opp ved Chapelle St-Jean etter 25 km vandring. Men så langt kjem vi ikkje.
I Lascabanes må vi gi opp, Den siste halve mila bakkane opp til kapellet orkar vi ikkje.

Etter ein telefonsamtale er det ikkje lenge før vår vertinne kjem i bil og hentar oss.
Snart er vi framme og får helse på gardshundane og ei tysk vandringskvinne.
Det vert ein herskapleg kveld og natt.
Våre vertar er eit eldre ektepar som har slutta med gardsdrift og bygd om og restaurert husa til gjestehus.

Kona står for maten, medan han er vert ved bordet.
Heldigvis kan den tyske kvinna både fransk og engelsk så ho er tolk, og det vert ein triveleg kveld med 6 rettar god lokal mat. Mest all maten kjem frå lokale råvarer.


Først vert vi bydd på ein aperitiff. Vi får velge mellom ein lokal dram, eller eit meir velkjendt merke. Eg vel den lokale for å gle verten.
Så kjem grønsaksuppe. Deretter ein patè med asparges-stenglar.
Hovedretten er lammekotelettar med grønsaker.
Men enno er vi ikkje ferdige, for no er det ost og kjeks. Kjeksa er laga i ein lokal by. Og så avsluttar vi med karamellpudding.
Alt medan samtalen går på fransk og engelsk, og inni mellom gjer verten iherdige forsøk på å lære norske ord, under Torbjørg si kyndige rettleiing.
Og utruleg nok, middagen kosta oss 12 euro kvar.

Denne natta er eg velsigna med ei herleg god seng.
Det kan vere utruleg triveleg å vere ein vandrar i framandt land, når ein møter så hyggelege og imøtekomande menneske langs vegen.

Solsikker


Det er mange solsikkeåkrar langs vegen vi går. Dei fleste er i mogen alder, medan andre enno er i ungdommen. Også gamle brune, lutande med hovudet mot bakken, ser vi. Trøtte av livet. Ein dag møter vi den store maskina som er i gang med å hauste inn åkrane.

Og så slår han ned i meg tanken på solsikkene sitt livsløp, og oss som vandrar forbi dei på vegen.


Vi var og ein gong unge og grøne, med lyfte hoved på ranke kroppar (stenglar) , klare for livet. Ein dag er vi komne i vaksenlivet, og vi blomstrar med våre store solgule blomstrar.


Men livet går sin gang. Vi modnast. Hovudet bøyst meir og meir, og ein dag er alderdomen der, og vi luter mot bakken, og våre fagre blomar er visne og grå.
Og så... ein dag er hausten der, og stengelen vert klipt av. Vi vert hausta ut av livet.

Solsikka og mennesket. Ulike, men likevel så like.
Solsikka gir sine frø som spire opp til nytt liv i ein ny vår.
Men kva med oss?

Påskedag gir også oss eit løfte om ein ny vår då vi skal verte kalla ut av gravene til eit nytt liv.
Men det er no vi lever. Kva er det vi fyller dagane våre med av verdiar?
Er det berre for oss sjølve vi lever, eller... ser vi og vår syster og bror som treng oss.

Hunden


Vi hadde høyrt at hundar i Frankrike ikkje var å spøke med, men så langt hadde vi ikkje hatt noko problem med dei.
Eg dannar baktropp der vi vandrar oppe på ein ås, ein av desse solvarme dagane. Eg går i mine eigne tankar, men vert brått reven attende i virkeligheita.
Hjelp, Kva er dette for udyr!
Framfor oss, midt på vegen står ein stor, mager og gulbrun hund. Så kjem han luntande imot oss.
Dei framfor meg vik ut til sida. Vil han gå forbi, eller han lyst på eit solbrendt lår?
Då eg er oppe på sida hans, stoggar han, ser på oss, og så snur han og byrjar gå ved sida mi.

Jaga han nyttar ikkje. Han skifter litt på kven han går ved sida av, men mest er han i baktroppa saman med meg.
Det nærmar seg tid for ein rast, og i ei lita dump er der eit stort, skuggefullt tre. Her slår vi oss ned. På andre sida av vegen står solsikkeåkeren moden for hausting.

Hunden er tydeleg interessert i sekken med mat. Skal vi tore å ta opp maten med den magre hunden hos oss. Då forsvinn vel alt i han.
Den har tre ulike halsband med namn på eigar og telefonnummer, så det er nok ein vandrar dette og.

Vi får prøve å jage han. Vi prøver fleire forsøk utan hell.
No stikk han snuten nesten ned i Leif sin sekk. Eg prøver eit nytt forsøk med å klappe i hendene og ta eit sprang mot han. Det lukkast. Han spring bakover vegen eit stykke, men stansar så og kjem attende. Nye klapp og sprang. Det same skjer igjen, men no kjem han attende inne mellom solsikkende. Eit tredje forsøk. Denne gongen snik han seg fram langt inne i åkeren til han er forbi oss. Då er han frelst og tanar framover vegen, bort frå oss.

Eg undrast på kva han hadde å fortelje til dei andre hundane den kvelden, om dei treiske og vanskelege vandrararane han hadde møtt. Og den verste av dei var han med hatten.

Blomstrande landsbyar


Landsbyane er ulike i Frankrike, liksom grendene heime er ulike. Men det hender at landbyen vi går gjennom har eit særpreg som skil den ut frå mengda.
Ein slik var landsbyen vi gjekk gjennom, og som var full av blomar.
På torget, ved kyrkja, gatelangs ved husveggane, og oppe på husveggane.
Som på biletet her, Labastide-Marnhac.



Labastide-Marnhac

Over brua, og opp. 17.september 2008

Det vert ei kald natt i eit gamalt hus. Eg er glad for at har ein varm rygg at med meg.
Verten serverer oss frukost inne i privaten, og han hjelper oss med å finne husrom for neste natt.
Det er ikkje enkelt. Alt er fullt. Men til slutt lukkast det på ein bondegard i nærleiken av Lascabanes.
Vertinna vil plukke oss opp ved Chapelle St-Jean.
Det er 26km dit, men ikkje store stigningane. Vi skal opp i omlag 300m.o.h.

I det vi går forbi eit apotek, viser gradestokken +6. Og når vi kjem ned til Lot, driv morgonskodda på elva.


Vi går langs elvebredden mot den gamle, befesta brua over elva, Pont Valentré frå 1500-talet.


Ho er eit flott syn der ho strekkjer seg over elva i morgonsola, med sine tårn og murar.



På andre sida skal vi først over den trafikkerte bilvegen nedover Lot-dalen.
Og så... så ventar den stupbratte fjellveggen.
Vi finn der stien opp byrjar.
Der er støypt trinn, høge trinn, opp fjellet.
Men der er ingen ting som vernar mot stupet, om vi skulle trø feil.

Vi klatrar oppover og held oss fast som best vi kan.
Trappene går over i sti, men framles er det bratt, både oppover mot åskanten, og utfor kanten.


Til slutt kan vi puste ut. Vi er oppe og ser ned på brua rett under oss.

Vi går bortover åsen og kjem om ei tid fram til den stor krossen, Croix de Magne, som står på kanten av åsen, ute på stupet ned mot vegen og elva.
Her er det gjerde som vernar mot å falle utfor, og ei storslegen utsikt over byen på andre sida av Lot. Den morgonen held vi vår morgonbøn ved krossen.


Vi kastar eit siste blikk mot byen før vi vender auge og føter innover åsen, vidare mot sørvest.