Mi kjære spurde meg eingong om var på veg til å konvertere til romakyrkja, men eg kunne trøyste henne med at det var eg ikkje. .Men våre vandringer i romakyrkja sine landskap hadde skapt ei interesse for den kyrkja si verd, og fått meg til tinge deira norske magasin, " St. Ol0av " På siste side av kvart nummer er der gjerne eit dikt. Eg har nytta meg av fleire av dei i denne bloggen min tidlegare. Og i dette nummert som kom meg hende i dag er det Knut Ødegård som er opphavsmannen til poesien, med diktet Jesus.
Jesus bur der oppe på fjellet, sa ho,
den ørvesle syster mi og peika
med sin deigkvite finger.
mot Vengetind, hi sida blygrå fjorden:
eg vil opp dit og flyga med Jesus, Knut.
Vil du leia meg dit, heilt opp?
sa ho og greip handa mi.
Nei, berre brattheng der på Vengetind, sa eg
med hennar vesle hand i mi,
Og snøskavl og jerv og ramn og rev
I både Hornet, Skåla og Vengetind.
70 år sidan no, og no er eg ,
skjelvhendte oldingen komen i tvil,
og ein teolog skriv i dagens Vårt Land
når Menneskjesonen kjem.
Han skal koma i skya, og de skal retta
dykk opp og lyfta hovudet !
Les eg i bladet.
Det kan vel skje at Jesus kjem på
toppen av Vengetind, like godt der som på Galdhøpiggen eller
i fjernare strok som Sinai, Pico de Neblina, eller Quincheng langt aust langt vest,
kva veit vel eg ; Eg er i tvil komen.
Men eg kvesser augo mot Vengetind
no så lenge etterpå:
Eg ser det samlar seg ein skydott
som ein krans, som ei krone
kring tinden der no.
og ein ljosstråle skjer seg brått
gjennom skya, det skin i tinden.