torsdag 18. desember 2025

Advent

Det var ein litt dramatisk himmel i kveldinga i går kveld. På den klåre kveldshimmelen rulle tunge skyer inn frå vest. 
Dei gamle prøvde, så langt deira erfaring og gamal overlevert kunnskap fortalde, så prøvde dei å tolke dei teikna dei kunne lese i vind og skyer og andre teikn i naturen. Så kom almenakka med sine tabellar som fortalde om kva tid månen hadde sine ny og fullmånetider.
Denne førjulstida har vore uvanleg mild. Snø har det vore svært lite av, men kva vil dei neste månefasane by på ? Vil jula og nyåret få besøk av kvit snø i lavlandet, eller vil han halde seg i fjella ?

Dersom eg skal prøve meg på månefasetydingar så vert det kaldt men lite snø i lavlandet i våre grender dei første vekene framover.
Komande søndag, 21.12 kl. 16.03 er det vintersolverv, og nymånen sitt nullpunkt, eller som vår romsdalske værtydar seier, når månen tendrar, kjem dagen før  kl. 2.43, og då er den i nordaust.
Og fullmånen den 03.01.2026 sitt nullpunkt kjem kl. 11.02 som er svakt i nordvest.
Mi kjære sa alltid at nymånen er sterkare enn fullmånen, så den byrja virke før den er på nullpunktet.
Skal eg prøve meg på litt tipping ut frå dette så vert dei komande vekene fram til neste nymåne den 18.01 som kjem kl. 20.52 , ein nordleg og kjøleg værtype, og med lite snø.

Men det kan endre seg  etter dei to neste månefasane.  For då kjem fullmånen  den 01.02 kl.23.09 og det er i sør og då kan det vere slutt på finværet. Vi kan få nedbør, anten som snø eller regn,  for nymånen og kjem i sørvest den 17.02 kl. 13.01.

Akk ja. No har eg prøvt meg som værprofet. Spå kan eg nok gjer,  men om eg får rett i mine spådomar er vanskeleg å vite. Det må eg nok vente nokre veker på å få sjå.
Men i morgon er det regn vart det sagt, og det er bra for då må eg bake brød.