lørdag 21. desember 2024

Ein desembermorgon.

Det er tidleg desembermorgon. Ute er framleis myrkt, men der lyset innanfrå lyser opp stuprenna ser eg våte dråpar henge på metallet. Så er denne morgonen og regnvåt. Eg strekker meg ut i sengevarmen under dyna. Ingen grunn til å flytte meg til badet enno. Det er ingen ting som hastar denne morgonen heller.
Då høyrer eg ei kvinnerøyst bryte stilla. Eg høyer ho kallar på meg med namnet mitt. Undrande svarar eg -- Ja ?  
Undrande fordi eg ikkje har høyrt nokon gå i døra inn til mine rom i huset. Kven har kome inn til meg så stilt?  Og det var ei vaksa kvinnerøyst eg høyrde, ei kjende røyst. 
Så går det opp for meg at der er ingen andre i mine rom denne morgonen. Eg er åleine.
Undrande forlet eg sengevarmen. Kva var det eg hadde høyrt ? Var det ein draum, eller var det berre tankespinn i hjerna mi ?
Eller var det mi kjære som kalla meg med namnet mitt, som ei helsing frå den evige  verda ?
Svaret får eg aldri, berre ei stille undring over kva det var eg høyrde ein tidleg desembermorgon.

tirsdag 3. desember 2024

Klår vinterkveld

Ein kjøleg dag går mot kveld. Litt snø kom i natt som var, men ein halvtime med sol fekk vi då det klårna av på morgonen. Den 10.des. går ho bak fjella for meg dette året, og då dukkar ho ikkje opp at før vi går inn i det nye året, 1.jan.om det er klårt då.
Mi kjære hadde si moro av å spå været etter korleis almenakka fortalde klokkesletta for når nymånen og fullmånen tende på himmelen. 
Avisene i fylket har ein romsdøl til fortelje oss kva almenakka fortel om kva vær vi kan vente oss framover. 
Eg har litt moro av det same, som ein arv frå mi kjære.
Og sidan himmelen er klår denne dagen er det litt moro å sjå litt framover på kva vi kan vente oss fram til jul og nyåret. 

Korleis reknar ein ut desse klokkesletta. Då tek ein utgangspunkt i ei analog klokke si talskive. For nymånen byrjar ein å telje  på toppen.  Slik at første kvarter er 6, som er aust. halvtimen er 12 som då er sør, og siste kvarteret er 18 som då er vest, før toppen av skiva er 24 som er nord
For fullmånen byrjar ein motsett, på botnen av skiva og tel 6, (vest), 12,  (nord) 18 (aust) , og til slutt 24  (sør)
Heile tida, både for nymåne og fullmåne fylgjer ein klokkevisaren i gangretning.

1.des. tende nymånen klokka 7.12 som er svakt sydaust. Fullmånen den 15.des. tende klokka 10.01 som er rett i nordvest.  Og sidan nymånen er rekna for å vere sterkare enn fullmånen , tyder det på at været vil kome frå aust nordaust fram til jul.  Det vil vel sei at det vert kjøleg med kanskje noko snø.
Neste nymåne kjem 30.des. klokka 23.20. som er mest rett i nord, og neste fullmåne 13.jan. kjem 23. 26 som er mest rett i sør.
Det kan kanskje tyde på austleg vær i starten av nyåret. Vil det verte kjøleg klårvær tru ?

Vel , vi får sjå etter kvart som dagane går kor almenakka stemmer med været vi får.