mandag 22. desember 2014
22.desember 2014
Mellom drivande regn og sluddbyger denne morgonen opna det seg ei revne i skylaget. Medan vinden dreiv denne revna austover, dukka det med eit opp ei lysane sky på den klåre himmelen i revna. Ei stund var ho synleg før skyene igjen dekte holet i skydekket, og alt var attende til året sin mørkaste og kortaste dag, med drivande nedbørsbyger. Kanskje var skya eit teikn på at no går det igjen mot lysare dagar. Kl.00.03 snudde sola, seier mi kjære, som har greie på månefasar og slikt. Det har vore ein mild desembermånad så langt her i fjordbygda, men no vert det meldt oppklårning, nordaustvind og fleire kuldegrader i juledagane. Sjølve skal mi kjære og eg ut på ferdavegar i morgon. Gjennom lange tunnellar, langs fjordar, over fjell, under brear og gjennom tronge dalar mot sør. Til fagre Sogn for å feire jula der. Eg er noko spent på kva slags føre vi får ferda, men eg får vel berre førebu meg på å ha litt tolmod, og ikkje vere for hard på gasspedalfoten, så kjem me nok trygt fram. God jul til alle som enno er innom her, no sidan det har vorte så langt mellom kvar gong eg set meg til ved tastaturet på PC`en.
lørdag 6. desember 2014
6.desember 2014
Medan gårskvelden var våt, klårna han av no på morgonen. I løpet av natta fekk vi den først, varsame, smaken av den komande vinteren. Fjella skin kvite i sollyset, men her nede ved fjorden er det ikkje mykje av det kvite å sjå. Det teiknar til å verte ein fin dag, men til kvelden skal det snu att. Då er det varsla storm på kysten. Kanskje vi får meir av det kvite utover komande kveld og natt? Det vil morgondagen vise.
tirsdag 2. desember 2014
Roser i desember
Så har vi byrja på dette året sin siste månad, desember. Eit uvanleg år til å vere på mine kantar av landet, går mot sin ende. Då tenkjer eg på været vi har hatt. Uvanleg lite nedbør, og eit uvanleg varmt år gjennom alle dei fire årstidene. Dette året har vi her inne i fjordbygda feira at det er 150 år sidan kyrkja vår vart reist inne på Valla-bakken, Årsaka til at ho vart reist var at den gamle stavkyrkja frå 1200-talet hadde vorte for lita og"brøstfeldig", og vart difor teken ned. Desverre vil vi nok sei i ettertid.
Men dette året har vi feira kyrkja gjennom fleire ulike tilstellingar, og i helga som vart det avslutta med eit nyskrive songspel, "Høyr kor kykjeklokka lokkar". Med tekst av Jan Ove Ulstein, og tonesett av Marie Austrheim Riise. Det vart framført to gonger for fullsett kyrkje, og vart svært godt motteke av tilhøyrarane. Utanfor mi stovedør blømer enno rosenbuskane, og eg tileignar desse rosene til dei som skapte dette flotte songspelet for kyrkja vår sitt 150-års jubileum.
Foto: ikyrkja.no /Kristin Vatne |

onsdag 19. november 2014
19.november morgon
Endå ein av desse morgonane då austhimmelen gløder i lyset frå den stigande sola. Og då eg lyfte kameraet for fange fargespelet dukka morgonflyet opp i synsvinklen.
Det har vore milde dagar, med lite nedbør, siste vekene her på vestkysten, men no melder værmeldarane att det kan gå mot kaldare dagar . Vonleg vert det ikkje slik eg las om på verdsveven i dag der deler av staten New York var råka av mykje snø og rekordkulde. Snøfresen vonar eg får stå i ro enno ei stund. Men i går fann eg det best å sko om bilen til vinterdekka. Så seint på året som vi er komne, kan vi nok vente at vinteren melder seg kva dag som helst.

mandag 6. oktober 2014
Ein gamal disk

mandag 22. september 2014
Kvitt i toppane
tirsdag 16. september 2014
Haust
I grunnen er vi heldige her i landet som har våre fire ulike årstider med kvart sitt særpreg. Det gjer dagane spanande og vekslande. Det er få år som er like, og dette siste året har vore av dei skjeldne med mykje godvær på mine kantar av landet. Og det er det berre å takke for.
torsdag 11. september 2014
Haustsol
Det gjeld å nyte dei medan sola enno auser sin varme over bygda, men eg ser ho kjem endå eit lite hakk nedover sydhimmelen mellom kvar gong dei er her desse solklåre dagane. Det er ikkje råd å unngå det. Det er haust og om nokre veker ser vi nok snøen i fjelltoppane. Eg tykkjer ikkje det er så lenge sidan eg drog grasklipparen over plenen for første gong dette året, og i går, etter at sola hadde turka opp dogga, drog eg han endå ein gong. Var det den siste gongen dette året tru? Er den neste maskina i bruk snøfresen? Vonar det vert lenge til. Men elles nytta eg soltimane som best eg kunne, med å vende kropp og sjel mot dei varme strålane. Og det var eg ikkje åleine om, Over meg hekk ei plante som har byrja få haustbrune blad, men dei blomane som endå er att strekte seg opp mot lyset og varmen.
tirsdag 9. september 2014
Kvile på støylen
Det er eit anna landskap her enn i våre heimegrender. Dei alpine toppene er borte, her er fjella meir avrunda i si form. Mange av dei er høgre, med bratte flog ned mot fjorden under. Men her oppe i dalen mellom fjella rundt, er det mjuke furukledde og lauvskogskledde linjer. Med grøne vollar der støylane ligg, og stille vatn som speglar den skykledde himmelen over. Det er lett å drøyme seg bort i dette rolege landskapet. Annleis på andre sida av fjella vi ser i bakgrunnen, der stuper floget seg mest loddret i fjorden.
Det står ei stor kvige bak deg - seier mi kjære. Ja, eg veit det - svarar eg - ho var nettopp bort i nakken min for snuse på meg, Ville vel vite kva kar eg var. Men ho fann meg ikkje verdt nærare kjennskap for ho held fram med roleg beiting inn opninga i steingarden og attende til vollen. Ikkje lenge etter ringlar det i saubjeller når saueflokken kjem på vitjing for å finne ut kven vi er. Bjellesauen tek nærkontakt medan resten held seg på litt meir ærbødig avstand, men etter litt snusing, spring dei også vidare inn på vollen. Dei stansar ved ein bergknatt som stikk opp av graset, og vert opptekne ved den. Kanskje det vert lagt ut salt til dei der?
I fjella syd for fjorden ser vi at det byrjar å tjukne til for regn. Kva veg dreg det? Kjem det hitover tru, eller dreg det vidare vestover fjella? Kanskje det best å byrje på vegen ned til bygda att så vi slepp å bli våte. Tome termosar og matbokser kjem i sekken, og snart forlet vi støylen og byrjar på stien ned mellom tjukke furuleggar og bærlyng.
mandag 8. september 2014
Vassløysa
torsdag 4. september 2014
Kjuke
tirsdag 2. september 2014
Haust
.
Siste sommardagen i år. Høg, blå, himmel, og sjølv inne i skuggen mellom trea langs elva kjenner eg solvarmen. Stien snor seg fram i skogen ved elvebredden, grus knasar under føtene, og rett bortanfor susar elva over steinar og bergknausar i elvefaret. Bak meg, noko lenger nede ved elva, høyrer eg bruset av fossen og glade rop frå born som badar i kulpen under den. Då står dei der, ein vegg av høgreiste planter mellom stien eg går på og elva nedanfor. Veker attende bar dei blomar i fleng på sine høgreiste plantespir, men no er dei inne i ein ny fase av sitt planteliv. Blomane er borte, i staden er dei dekte av kvit ull. Hausten er komen i deira liv. Så vil dei visne, falme, og når vinteren kjem, verte brotne ned av kvit snø. Medan røtene nede i den svarte jorda kviler seg mot ein ny vår, og ny blomstring der på elvekanten. Stien fører meg vidare inn mellom trea og eg kjem inn på ei lysning, ei gamal eng. Her har det ikkje vore nokon slåttekar denne sommar, heller ikkje beitande dyr. På sidene av stien gjennom enga, står stråa høge og haustgule, medan dei sakte bøyer seg i den lette kveldsvinden. Det er haust rundt meg.
Kor er det, har du nokre pilegrimsplanar? spør han.
Nei, ikkje no. Er det ikkje på tide å gi seg med slikt? spør eg attende.
Nei, ikkje du, - svarar han- du vil nok vere pilegrim i mange år enno.
Heilt til siste turen vert med rullator? spør eg igjen.
Ja, ein pilegrim er alltid ein pilegrim, er det ikkje det du har sagt, seier han med ein smil på leppene.
Likevel, mangt har endra seg sidan eg byrja på mine vandringar, år attende. Eg er komen inn i min haust. Mannens pryd, håret har minka av til ein krans rundt toppen der oppe, og det har vorte grått i leten. Rundt kjaken har det og vakse fram noko grått. Ikkje noko frodigt slag til å vere kry av, men mi kjære seier eg skal la det vere når eg ymtar frampå om å ta det bort. Det gøymer dine skape kjakekantar, fortel ho meg. Og det har eg lært meg i livet, at kvinnene kan det vere klokt å høyre på.
Så vandrar eg og mi kjære ein skogssti denne siste dagen av sommarmånadane dette året, og tek steget over i dei komande haustmånadane.
Og han hadde rett; ein pilegrim er alltid ein pilegrim Om det ikkje vert fleire vandringar etter framande vegar mot ukjende mål, så minte dei glade barneropa frå badekulpen, og dei kvite blomestråa ved elvekanten meg om den pilegrimsvandringa gjennom livet vi alle går.

mandag 1. september 2014
Og over reiser fjella seg
Og i går, etter at heitaste dagen var over, tok vi oss ein liten vandrartur, mi kjære og eg, inn mellom dei. Og på heimveg såg vi skyene verte farga av den sigande sola, vest i havet.
søndag 31. august 2014
Romedalen
Vi har hatt solvarme dagar no dei siste dagane av august. Men i går var der skyer mellom oss og sola. Slik sett var det eit godt vær for ein tur i fjella, og mi kjære og eg vart invitert med av dotter og svigerson på ein tur i Romedalen. Ein seterdal mellom flogbratte fjell. 7 km lang frå Follestaddalen og fram til fremste støylen, Steinestøylen. Den ligg under det karakteristiske fjellet Hallehornet. Derifrå kan ein gå vidare over skaret og ned til Barstadvik, eller vidare fram dalen og ned til Nordre Vartdal. Ein tredje veg er opp til skaret ved Hallehornet, og så vidare over eit nytt skar til Molladalen.
Eit av dei mest kjende fjella i området er Kolåstinden som ein kan nå frå Standaleidet. Ikkje like lett å nå den frå Romedalen. Då ein nok vere klatrekyndig, men den er mellom dei fjella som gir dalen sin karakter.

lørdag 16. august 2014
Nokre ord om Gud
I avisa Vårt Land har det siste tida vore fleire innlegg om synet på Bibelen, der kunnskap og erfaring vert sett opp mot kvarandre. Det undrar meg at der ikkje finst ein tredje veg inn i dette viktige spørsmålet. Ein slik veg kjem i alle fall lite fram i alle innlegga, anten det er frå dei med eit "konservativt, låst" bibelsyn, eller dei som let bibelsynet sitt verte påvirka og endra av tida sine tankar. Det same ser eg når eg les debattar mellom truande og ikkje truande. Dei er kvar på sin stad fastlåste i sitt syn, og evnar ikkje, eller vil ikkje, opne for at det går å tenke nye tankar.
I dagens Vårt Land står der eit lesverdig intervju med Israrels ambassadør hjå oss, og han hadde nokre tankar inn i dette spørsmålet om kven Gud er.
Eg saksar litt av det:
På hebraisk er ordet for himmelen "shamaim". Det er fleirtal av "sham", som tyder "der". Himmelen tyder altså "der, der, der.", altså overalt. Når vi sier at Gud er i himmelen, da mener vi at han er overalt. Vi er alle deler av en stor energi, en stor kontinuitet som er guddommen selv, Du kan se Gud i alt og alle. Han er alt. Det er ikke noe forbi Gud. Han er uendelig og evig, begreper vi ikke har forutsetninger til å forstå. Den eneste måten å komme nær Gud på, er gjennom å samle små biter av det store bildet ved hjelp av språket. Det er vårt beste verktøy, ingenting er mer hellig enn det. Språket eksisterte før mennesket ble skapt. Det er mye mer enn et komunikasjonsverktøy. Jeg tror at kraften av skapelse er kraften av ordet.
Eg trur eg må ofre nokre tankar på desse orda hans, men det rann meg i hug to setningar frå Bibelen. Den første er opningsordet i Johannesevangeliet. I opphavet var ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Og det andre er eit ord av Paulus om Gud der Paulus seier at det er i Gud vi lever, rører oss, og er til. Men det kan ikkje vere slik at gud er i alle ting, men heller at alle ting er i Gud. God helg.
torsdag 14. august 2014
49 år
søndag 10. august 2014
Det kveldar
lørdag 9. august 2014
Hauststorm i august?
mandag 28. juli 2014
Avlat
" Ja det hugsar eg godt, og ho gjorde vel det du bad henne om?"
"Ja, ho gjorde det. No ligg den i kyrkja der, slik eg bad om. Men kva skal eg gjere med denne steinen tru? Legge den ned at i graset er vel ingen vits i?"
" Nei, den var fin. Du får ta den med, så finn du vel ut kva du vil gjere med den etter kvart."
" Ja, då gjer eg det. Kanskje eg kan kome til trenge avlat for noko ein annan gong og?"
lørdag 26. juli 2014
Kveldsskyer
fredag 25. juli 2014
Los infantes de Lara
Det var den siste dagan av vandringa på Olavsvegen i Spania. På grunn av at eg så gjerne skulle ha sett ei gamal kyrkje ved ein landsby, hadde eg hamna oppe på ein ås bak landsbyen. Årsaka var at eg såg ein kross der oppe og trudde at der måtte kyrkja vere. Noko som viste seg å vere heilbom. Vel heime såg eg på Google Earth at den var nede i dalen, eit stykke frå landsbyen. Men eg hadde likevel ei fin lita vandring der oppe på åsen. På andre sida av dalen såg eg restane av ei borg oppe på ein åskant, og vel heima att såg eg på nemnde google earth at der låg ein liten landsby ned for borga, og namnet på den gjorde meg noko nyfiken. Kva var årsaka til eit slikt namn tru? Den heitte "Los infantes de Lara." Lara er namnet på området, kommunen., og infante tyder eit lite barn, og her var det i fleirtal, altså; småbarna til (i) Lara. Eit søk på verdsveven opnar for ei dramtisk soge mellom to familier langt attende i soga. På 900-talet då kongedømet Castilla voks fram, og då med Lara som eit kjerneområde. Det som fortel soga er eit av dei første episke dikta i spansk diktning. Eit dikt som syner slektskap med gotisk og norrøn diktning frå same tida.
Det handlar om herren til Sala, Gonzalo Gustios, som hadde sju born med kona si Sancha Velazquez. I eit bryllup for Sanchas bror, Ruy Velazquez av Lara, vert eit barn som var av bruda si famile, drept ved eit uhell av Gonzalo. For å glede si kone sver Ruy hemn. Han sender bod til den mauriske krigsherren Al Mansur i Cordoba for hjelp. Gonzalo vert teken til fange og førd til Cordoba Dei sju borna vert og tekne og misser livet, og hovuda deira vert ført til Almanzur i Cordoba. Medan Gonzalo sit fanga der får han ein son med søster til Mansur. Og som voksen fullendar han blodhemnfeiden ved å ta livet av Ruy Velazquez.
Litt av ei soge bak namnet på ein liten landsby i Lara.

tirsdag 15. juli 2014
Frå Següeiro til Santiago de Compostela
Siste vandringsdagen vart ei vandring under ein høg blå himmel. I eit vakker og grøderikt grønt landskap med små landsbyar mellom skuggefulle skogstrekningar og grøne marker, og over lave åsar sydover mot Santiago de Compostela.
Det var merka for sykkelløp når vi kom sydover eit stykke. I eit vegkryss hadde eit av merka falle av stokken det var festa på. Vi prøvde å feste det opp att, men det var råd å oversjå det likevel. Og det var det ein av deltakarane som gjorde. Han kom forbi oss i god fart, men stykke lenger framme møtte han ein bonde som dreiv ein kuflokk føre seg, og han ropte nok til syklisten at han hadde sykla feil, for han bråsnudde og passerte kuflokken og oss for andre gong, denne gongen i motsett rening.
Der er mange av desse stabbura langs vegane i Galisia, hòrreos heiter dei. Og med ein kross i mønet.
Eg mintest min barndom når eg såg denne kvinna ved vassposten der ho skylte klesvvasken sin. Slik mi mor gjorde den gongen ho brukte ein dag på å ta storvasken. Før vaskemaskina kom i hus, og klesvaskinga vart enklare og lettare.
Så var vi inne i gatene som leier inn til katedralen og den store plassen framfor den. Vi tråkla oss fram, men vegmerka er på plass så vi finn vegen. I det vi kjem over ein liten bakketopp ser vi tårna på katedralen reise seg over husa framfor oss.
Etter at eg for eit par år sidan vandra inn til katedralen frå aust, og no kom inn frå nord, så er det mi meining at vegen frå nord er vakrare enn gatene frå aust. Kanskje fordi den er rolegare, kortare og meir variert enn gatene frå aust. Her er både små dalsøkk og grøne parkar utanom gatene med biltrafikken. Siste stykket går vi på ei brei nylaga gågate over parkeringshuset for turistbussar og andre turistar.
Det var merka for sykkelløp når vi kom sydover eit stykke. I eit vegkryss hadde eit av merka falle av stokken det var festa på. Vi prøvde å feste det opp att, men det var råd å oversjå det likevel. Og det var det ein av deltakarane som gjorde. Han kom forbi oss i god fart, men stykke lenger framme møtte han ein bonde som dreiv ein kuflokk føre seg, og han ropte nok til syklisten at han hadde sykla feil, for han bråsnudde og passerte kuflokken og oss for andre gong, denne gongen i motsett rening.
Eg mintest min barndom når eg såg denne kvinna ved vassposten der ho skylte klesvvasken sin. Slik mi mor gjorde den gongen ho brukte ein dag på å ta storvasken. Før vaskemaskina kom i hus, og klesvaskinga vart enklare og lettare.
Etter at eg for eit par år sidan vandra inn til katedralen frå aust, og no kom inn frå nord, så er det mi meining at vegen frå nord er vakrare enn gatene frå aust. Kanskje fordi den er rolegare, kortare og meir variert enn gatene frå aust. Her er både små dalsøkk og grøne parkar utanom gatene med biltrafikken. Siste stykket går vi på ei brei nylaga gågate over parkeringshuset for turistbussar og andre turistar.
Så er vi framme på den store plassen med katedralen ruvande bak. Vandringa er over. Seks dagar og elleve mil frå vi starta ute ved kysten i Ferrol. Den dagen var det regn i lufta. Her var det sol frå ein mest skyfri himmel. No stod det att å innlosjere oss på den gamle klosterskulen St. Martin de Pinario, bak katedralen, Registrere oss på pilegrimskontoret og få våre credentialer, og så bruke eit par dagar på vitje katedralen med Jakob si grav, delta i gudstenestene i den overfyllte katedralen, og å sjå det store røykjelskaret, botafumeiro'en, verte svinga over pilegrimsskaren, vitje Paradorhotellet ved sida av katedralen, og vandre rundt i dei smale gatene som omkransar katedralen, før vi sette kursen mot flyplassen og heimreis.
![]() |
Santiago de Compostela |
mandag 14. juli 2014
Frå Bruma til Sigüeiro.
San Pelayo, kven var no det? Eg har vore bort i den karen før. Det var i Leon han dukka opp då eg vitja basilikaen til San Isidoro, for den kyrkja var opphaveleg vigd til San Pelayo, før San Isidoro sine relikviar vart flytta dit frå moskeen/kyrkja i Sevilla. San Pelayo var ein ung gut som vart fødd i Asturia i 912. Han vart teken av maurarane og leid martyrdøden i Cordoba i 925 då han ikkje ville vike frå si kristne tru.. Relikviane hans kom først til Leon, og seinare til Oviedo i 985. I den katolske lista over dei heilage har han namnet Sankt Pelagius av Oviedo.
Ein annan stad , i ein hage, var det ein påfugl som fanga vår merksemd då den heldt oppvisning for oss vandrarane. Siste strekninga fram mot Sigüeiro gjekk det nedover til lavare lende. Vi kom etter kvart over på ein landsveg, eit langt og flatt vegstykke som var heller einsformig å gå, men tilslutt kom vi inn på bilvegen som førde inn i byen. Pilegrimsvegen går først gjennom eit parkområde før vi er inne i gatene og kunne byrja å leite oss fram til overnattingsstaden.
![]() |
Sigüeiro |
søndag 13. juli 2014
Frå Betanzos til Bruma
Eit stykke opp i bakkane frå Betanzos stod denne karen og peika ut veg og retning. Her er vegen, se å følge råsen, som ei kvinne i mi heimbygd sa til borna. Det vart mykje vandring på skogsstiar mellom landsbyane, Og det var godt så slapp vi unna bilvegane og trafikken der. Dei kom på rekke og rad landsbyane, Limiñon, Cos og Presedo,
Det hende og at vi måtte gi rom for taktorar på veg til og frå.
Men Bar Julia hadde meir å by meg. Eg og spanske dører er ikkje alltid heilt på lag. Det har hendt nokre gonger på vandringa mot Santiago at lave dørkarmar har prøvt å høvle bort litt av skallen min. Slik og i Bar Julia. Det small godt då eg stanga topploket inn i dørkarmen. Det var ein i skrifta som såg sol og måne og elleve stjerner bøye seg for han. Eg såg dei danse der eg kom meg attende til bordet og fekk setje meg ned med hovudet i hendene. Så høyrer eg rundt meg forskrekka røyster. "Du blør.", og då eg ser på hendene har fingrane fått ein ikkje liten dåm av raudt på seg, og eg kjenner noko renn ned i panna mi.
Ungguten bak disken vert noko oppskjørta av hendinga, og undrast på kva hjelp han kan yte. Men eg trøystar han med at det er ikkje noko farleg, eg har vore bort i slikt før, medan mi kjære prøver så godt ho kan å stagge blodet. Noko som lukkast etter kvart.
lørdag 12. juli 2014
Vegkrossar
Eg har sett mange vegkrossar på vandringa frå Le Puy en Velay i Frankrike og til Santiago de Compostela i Spania. Også her på Camino Ingles var dei tilstades. Men eg meinar å ha sett ein ulikskap mellom dei to landa. I Frankrike var det enkle krossar, eller i form av eit krusifiks. Frå små i miniformat til ei to/tre meter høge. Utført i ulikt slags materiale som tre, stein, betong og metall. Nokre av gamal dato, tærde av vær og vind, andre var tydeleg frå nyare dagar. Dette har eg ikkje sett så mykje av i Spania, men i Det kongelege Huelgas-klosteret i Burgos la eg for første gong merke til noko eg sidan har sett ein del av. Eg kallar dei søylekrossar, utan å kjenne til kva det vert kalla på fagspråk. Det er høge , slanke, steinkrossar der søyla kan vere dekorert som her, eller heilt rein, men krossen på toppen er tosidig. Det vil sei at han har utsmykking på begge sider.
Og dei må vere gamle sidan dei ofte er mykje slitne av vær og vind. Særleg den sida som vender mot været, lesida har gjerne stått seg betre.
Dette her er krossen frå klosteret i Burgos, og vi ser det som alltid er der, krusifikset. Jesus krossen. Ofte kan ein sjå at her har ein kunstnar vore ute med si hand. Detaljrikdomen kan enno vere der, medan andre er meir enkle og har ei grovare formspråk på figurane.
På den andre sida av krossen er det Mor Maria som er motivet. Og då helst med Jesusbarnet i fang. Men eg har og sett henne ståande åleine med hendene folda over bringa i tilbeding og bøn, slik eg har sett det på dei mange madonnastauene etter vegane.
Denne søylekrossen møtte eg i Neda. Den eine sida var med den "normale " utsmykkinga. Jesus på krossen.
Men den andre sida si utsmykking var ny for meg. Det var ei pietaskildring. Maria mor som held den avlidne sonen sin i fanget.
Og eg undrast, Kvifor er der ein skildnad mellom desse to landa? Og kvifor har det Spania vorte reist slike søylekrossar? Begge landa har då ein romersk/katolsk kultur?
På vår protestantiske jord er vel slike uttrykk heilt ukjende, eller? Og er der andre slags vegmerke i andre katolske land? Eg meiner at eg i "tyske" nord-Italia, Syd-Tirol, såg vegmerke bygde som små skap med eit krusifiks inn i, og at eg var borti noko som likna det på vandringa andre året i Frankrike.
Og dei må vere gamle sidan dei ofte er mykje slitne av vær og vind. Særleg den sida som vender mot været, lesida har gjerne stått seg betre.
På vår protestantiske jord er vel slike uttrykk heilt ukjende, eller? Og er der andre slags vegmerke i andre katolske land? Eg meiner at eg i "tyske" nord-Italia, Syd-Tirol, såg vegmerke bygde som små skap med eit krusifiks inn i, og at eg var borti noko som likna det på vandringa andre året i Frankrike.
Etiketter:
Camino Frances,
Camino Ingles 2014,
Eg såg,
Pilegrimstankar
Abonner på:
Innlegg (Atom)