fredag 14. juni 2024

eg går

Tap for all del ikke lysten til å gå; jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag og går fra enhver sykdom; jeg har gått meg til mine beste tanker og jeg kjenner ingen tanke så tung at man ikke kan gå fra den.
Vel, dette er ikkje mine ord, dei er danske Søren Kirkegaard sine. Han levde i ei tid då det å gå høyrde til normalen når ein skulle forflytte seg, om ein då ikkje høyrde til dei som  hadde tilgong til hest og kjerre.Eg har fått meg ei av desse moderne armbandsura som er ei lita datamaskin. Ikkje berre fortel ho meg tida, men og korleis nattesvevnen min har vore har ho og greie på. Og mykje, mykje meir kan ho og fortelje meg.
Verre er det at ho stadig minner meg på at no er det på tide å reise meg frå godstolen, få på meg skorne og kome meg ut av døra for å gå. 
Og det skal då vere rett sundt, som salig Søren sa. 
No vil eg helst gå i opphaldsvær, eg er ikkje så glad i det våte, men som ei dotter sa til meg i forbifarten i dag. Det er noko som heiter regkle.
Men i dag skein sola, så klokka dreiv meg ut på vegen, utover i bygda, heilt til der gangvegen enda. Det er lenge sidan er har gått så langt.  Truleg hadde eg godt av turen, men eg merka at det er lenge sidan eg har gått så langt. Vel heime kunne klokka fortelje meg både kor mange steg eg hadde teke, kor langt det var i kilometer, og kor mange minutt eg hadde brukt. 
Om undervegs tenkte mine beste tankar, som Søren skreiv, er eg ikkje så sikker på, Truleg var eg meir oppteken av å flytte føtene. Men eg kom både fram og attende, og då var godstolen god å finne.


tirsdag 4. juni 2024

Norddal kyrkje

Så er sommaren komen og klubben for " dei vise menn" ( Volda og Ørsta Y's Men's klubb) hadde sin årlege sommartur. Denne gongen var dei ei bygd i indre strok av Sunnmøre som fekk vitjing. Norddal, som og er nemnd som Dalsbygda. Ein flat og fin dal mellom høge og bratte fjell.
Der vart vi vel tekne imot og fekk god omvising av to eldre lokale menn frå bygda. Først i den gamle kyrkja frå 1782. Den første åttekanta på Sunnmøre, og som har eit særprega tårn. Den vart reist der den tidlegare stavkyrkja stod.
Over alteret ruvar alterbiletet, som er eit gamalt alterskap frå byrjinga av 1520-talet, laga i nord-Tyskland, og skapet er omringa av ei utskoren barokk ramme med mange figurar.
Motiva på alterskapet er Jesus på krossen med Maria og Johannes ved sida, og på dei opne sidedørene ser vi Heilag Olav og biskop Maternus. Eg tok meg ein tur bak for å sjå kva som syntest av dørene når skapet var lukka. Men dørene var gøymde bak ei bordkledning, berre halve dørene var synlege, men eg såg  to kvinner som skal vere St. Margareta og St. Maria Magdalena. 
Dei kvinnene og Olav kjenner vi, men kven er Maternus ? Eg måtte inn på ei katolsk side og leite,  for som lutheranar kjenner eg ikkje til så mange helgenar. Og der les eg at Maternus var den første biskopen av Køln, og han døydde rundt 330. Men legendene fortel meir. Han var den guten  til enkja i Nain,  som Jesus vekte opp frå døden. Det høyrest underleg ut . Han vart altså over 300 år ? Vel legendene fortel at han vart vekt opp frå døden heile tre gonger. Det er vel naturleg å vere litt skeptisk her, men han er skytshelgen for smittsome sjukdomar og feber. Så kanskje er det han, for det kunne vel vere greit å ha ein slik hjelpar på alterskapet? Men der er endå ein biskop Maternus, ein biskop av Milano på same tidsromet. og om han er der ei meir truverdig soge. Så får ein vel velje kva for ein Maternus som er til stade på alterskapet i Norddal kyrkje.
Etter kyrkja køyrde vi opp på den gamle prestegarden der vi fekk ei bildeframsyning av bygda og bygdelivet i tidlegare tider, med mange gode soger til.
Den gamle aldersheimen i bygda er no gjort om til gjesteheim.
Og det var siste stoppestaden for oss i Norddal. Der fekk vi ein god middag av kjekjøt. Noko som var ein ny rett for meg. 
Og til underhalding fekk vi felespel, både med hardingfele og flatfele, med tre spelemenn. Rettare sagt, to menn og ei kvinne. To av dei spelte og i kyrkja for oss. 
Og vertane våre hadde meir å fortelje frå bygda, før vi måtte bryte opp for heimreis.
Ein fin og innhaldsrik dag indre fjordstrok, med opphaldsvær, og til dels sol. Men på heimvegen kom regnet, til tider auste det ned,  og neste morgon vakna eg til nysnø i toppane.