Ei natt vakna eg av uro nede på gata utanfor vindauget. Det var mange manns og kvinnestemmer som steig opp til meg. Glade røyster i natta. Det kom for meg at det måtte vere ein pub der nede som hadde stengt for natta og sendt gjestane ut på gata. Men kvifor stod dei der nede, kunne dei ikkje gå vidare i staden for å halde meg vaken ?
Men det var meir som undra meg. Det stod eit stort tre utanfor vindauget, og det skifte årstider heile tida. Blada på det treet endra seg heile tida. Frå grøn sommar til gul haust. For så å gå frå bladlaus vinterham til å stå med nyutsprungen vår igjen.
Men søvnen måtte ha overmanna meg etter kvart for då eg vakna om morgonen var det stilt og lyst utanfor vindauget. Natta si oppleving stod klår for meg . Eg måtte ut av senga for å sjå puben der nede på gata, og det store treet, Men korkje puben eller treet var å sjå. Berre ei smal gate mellom to høge husveggar.
Hendinga har undra meg sidan. Var det berre ein draum i Remfasa av svevnen, utløyst av det eg hadde vore igjennom i timane på St. Olav - eller - opplevde eg ei revne i veggen som skil oss frå den evige verda . Svaret får eg nok aldri.